Skiftar til nyare breibandsteknologi
Denne veka har Svorka jobba med vedlikehald av breibandsbasen ved Reiret. Denne basen har hatt ein type 3,5 GHz sendar som no vart skifta til meir moderne AC-teknologi. Denne basen har den siste tida berre forsynt nokre få brukarar, og dei som er berørt har no fått nye oppgraderte antenner.