Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ut med jula – inn med våren!

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019

Det er vel i tidlegaste laget å seie at Hageland er i gang med vårsesongen, når det er 10 -12 kuldegrader ute og langt på veg ein meter snø. Men på Hageland er pallekragar, jord, frø og vekstlys alt på plass og klart til bruk.

Spør ein gartner er eit av slagorda for Hagland. Hubertine Roebroek er gartner hos Hageland Surnadal – no er ho klar med både frø, såkassar, plantelys og andre ting du treng. No må du starte med «våronna» dersom du skal ha sterke planter klar til utplanting i vår. Foto: JOØ

Du må faktisk starte no, dersom du skal være klar til utplanting når våren kjem, seier Hubertine Roebroek, som er gartnar på Hageland Surnadal og som har «grøne fingrar». På Hageland er det sesongskifte no, og det er ikkje så mykje som ei juletrekule att i butikken som minner om jula vi akkurat har lagt attom oss.

Vi opplever no at sola «kjem att» og dermed opplever vi ein gradvis overgang til ny vårsesong, og godt skal no det bli – sjølv om det er den aller travlaste tida for oss, seier May-Britt Dyrli som er dagleg leiar for Hageland Surnadal.

No er det mange gode tilbud på møblar i butikken, seier Oddmund Jørgensen.

– Vi er no inne i ein mellomsesong, der det eigentleg for liten aktivitet i hagesenteret no på svartaste vinteren. Derfor har vi no fylt opp butikken med møblar – både spisebord og stolar, og eit ganske breitt utval i madrassar, sofaer, kvilestolar, lenestolar og salongbord. På desse varene har vi gunstige prisar frå neste veke, og vi opplever erfaringsvis at det er stor interesse for møblar på denne tida. Akkurat no er no utvalet på det aller største, og det blir nok ekstra rimeleg i samband med salet, seier Dyrli.

Akkurat no er det halv pris på alle grønplanter, lokkar Torill Kvande og Hubertine Roebroek. Foto: JOØ

Det skjer også ting på blomsterfronten på Hageland. – Siste nytt er at du kan kjøpe sorgdekorasjonar direkte på nettet. Dette er eit samarbeid med Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå, der du kan gå inn og bestille blomster direkte frå deira heimeside. Der kan du bestille kransar, bårebukettar og anna blomster i mange fargevariantar. – Samtidig ordnar du med tekst på band eller kort, og ordnar betaling og levering direkte til gravferda. Hageland er også medlem i Interflora, der du og kan handle på nettet, men sjølvsagt er du og velkomen til butikken for å kjøpe eller bestille blomster eller blomsterdekorasjonar, seier Dyrli til slutt.

Du må jaggu sjå godt etter for å sjå at dette er kunstig blomster, seier Anita Talgø. Kunstige blomster kan være eit bra alternativ dersom du f.eks er mykje borte. Foto: JOØ

Nye snerten rekliner reklamerer Oddmund Jørgensen som er møbelansvarleg på Hageland Surnadal. Foto: JOØ

Den nye avdelinga for snittblomster er ein ubetinga suksess – Torill Kvande og Ida Bochkon rår grunnen der. Foto: JOØ

Med 10-12 kuldegrader og utsikt til kulde i heile 10-dagersperioden, så er det kanskje greit med bilde av nokre vedpallar? Foto: JOØ

 

Publisert: 24. januar 2019, 14:07