Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9109 artiklar i dette arkivet.


INF inviterer: Tradisjonell julegudstjeneste i Nidarosdomen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. desember 2018

Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) minner om Forsvarets julegudstjeneste i Nidarosdomen, som i år er onsdag 19. desember kl. 11.00.  Vi tar rutebussen fra Kulturhuset på Skei (FRAM-buss) kl. 07.50. Ingen påmelding.


OBS: Lause hestar på Ansnesvegen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. desember 2018

Det meldes torsdag kveld om lause hestar på Ansnes vegen innover til – og kanskje forbi Todalsøra.   Vær oppmerksam – det kan fort skje eit uhell!


Utgravingane på Nordvik er ferdige – uvisst når området blir frigjeve

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. desember 2018

Dei siste 3-4 vekene har det vore hektisk aktivitet i det nye bustadfeltet på Øygarden på Nordvik. Under opparbeiding av det nye bustadfeltet vart det funne fleire restar etter gravrøyser, men gamle kol- og beinrestar. Dei siste vekene har det altså gått føre seg utgravingar av fleire funn som virka interessante – no avsluttar dei arbeidet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal


Produktiv pensjonist – to hefte med historisk materiale frå Bøfjord Historielag til jul

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Bernt Bøe har slett ikkje ligge på latsida det første året som heiltids pensjonist. – No til jul har han vore redaktør av to julehefte frå Bøfjord Historielag, eller kanskje det er rettare å kalle det eit årsskrift og ei folkeminnesamling. – Det er iallfall på 7. året at Bøfjord Historielag kjem ut med årboka Gamle Nordmør med stoff som omhandlar heile Nordmøre.


Todalingar feira adventstida på sydlegare breiddegradar

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Frå Edmund Talseth har vi fått bilde frå Gran Canaria, der han og kona Jenny har feriert dei siste vekene. Søndag var det samling på Norskplassen på øya, der det var friluftsgudsteneste i samarbeid mellom Sjømannskyrkja og Den norske klubben. Der trefte dei fleire todalingar som var ute i same ærend.


«Jul uten grenser» – konsert med P17-koret

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Onsdag 19. desember kl 18.00 inviterer P17-koret til julekonsert i Todalen kyrkje. Da blir det tradisjonell julekonsert med Prosjekt 17 – både som blandakor, damekor og som mannskor. P17-koret reklamerer med kjende, kjære, nye og vakre julesongar frå 12 ulike land. Denne kvelden er koret forsterka med organist Tor Strand som vi l traktere både orgel og piano.


Ta hårklippen i Todalen?

Mari B. Redalen Måndag 10. desember 2018

Det byrjar å bli mange år sia sist det var frisør i bygda, men no kan du altså få klipt håret innombygdes. Merete Husby har starta opp salong, heime i boligfeltet på Kvennset.


Biblioteket stengt i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 10. desember 2018

Biblioteket i Todalen blir stengt i kveld (10.12), melder bibliotekaren. Neste måndag (17.12) er biblioteket ope i tidsrommet 18:00 – 20:00, og da er siste opningsdag før jul.


Lysmesse og utdeling av biblar

Jon Olav Ørsal Sundag 9. desember 2018

I dag var det lysmesse i Todalen kyrkje, og bruken av lys prega sjølvsagt gudsteneste. Sokneprest Kristin Strand og konfirmantane laga ein stemningsfull innmarsj med levande lys, og med slukka lys i kyrkja. Konfirmantane hadde også ei hjelpande hand med i gudstenesta, og sørga både for tenning av lys og for lesing av inngangsord.


Premiere for skiføret i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Fredag 7. desember 2018

I dag vart vinterens første skispor i lysløypa køyrt opp. Ståle Ansnes sørga for å preparere lysløypa med løypefresen og sporsettaren som laga sjølve skisporet. Løypetraseen vart 2-3 meter brei, med både skispor for klassisk og eit bredt felt for skøyteteknikk for den som ønskjer det.



Fotballtrimmen i gang igjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. desember 2018

Todalen I.L fotballgruppa bles i gang fotballtrim i gymsalen på Todalen skule igjen. Det skjer kvar fredagskveld i tidsrommet 18.30 – 20.00, og det er for alle som føler at dei treng litt trim før jul. Første kvelden er fredag 7. desember og vidare kvar fredagskveld fram til jul.  Kom og bli med, oppfordrar Knut […]