Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte – gjenspeila stor aktivitet i Stangvik historielag

Marit Haugen Måndag 4. mars 2019

Stangvik Historielag heldt sitt årsmøte på Stangvik skule den 19. februar, med bra oppmøte. På saklista stod vanlege årsmøtesaker, bl.a. val, rekneskap og budsjett. Valkomiteen hadde gjort ein god jobb, overtala både formann og to styremedlemmer til å fortsette. Styret vart da som følgjande: leiar Einar Grønnes, nestleiar Marit Haugen, sekretær Hallvard Kvande, kasserar Rolv Lysø og styremedlem Rolf Smisetfoss.

I tillegg vart det valt to vara til styret, attval på Torbjørn Polden og så kom Anne-Ma Nyheim inn i staden for Martinus Ranheim som dessverre gjekk bort i desember. At Martinus kom bort, vart eit stort tap, både for historielaget, og for mange andre i bygda. Var det noko vi lura på, var refrenget «spør Martinus, han veit det» – og han hadde oftast svar på det han vart spurt om.

Som sak på årsmøtet stod og «turar/aktiviteter» 2019. Her kom det fleire forslag, både frå styret og frå årsmøtedeltakarar, bl a ny tur til Hamnes-setrene, tur om Storsetra i Stangvika til Torviksetrene, tur til Rødsetsetra på Ålvundeidet, tur til steinbua som er under restaurering på Mellingfjellet/Svarrafjelet. I tillegg vart det drøfta om laget skal satse på ein biltur, da med bl.a. besøk på Rena Bruk. Vi kjem tilbake med meir info om turane og eventuelle andre arrangement når endelege datoar er fastsett.

Etter at sakene som hørte årsmøtet til var ferdig, vart det ein god kaffepause med heimbaka kringle og sjokoladekake før Anny Haugen tok over og viste «gamle bilet». Anny har samla mange artige bilet frå «gammeltida», og det vart spekulasjonar og diskusjonar både om folk og plassar på bileta. Tida går forferdeleg fort når det blir vist gamle bilet på «lerretet» – eit vellukka årsmøte på alle måtar.

Først publisert: 4. mars 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 3. mars 2019, 20:53