Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vår i lufta – sådag på Hageland

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2019

No er det aldeles rette tida for å førebu sommarens hagebruk.  På Hageland er alle typar frø, både til blomster, grønnsaker og urter på plass i hyllene.  Tysdag 5. mars frå kl 18 får Hageland besøk av Kirsty Mckinnon frå Norsøk på Tingvoll i butikken. Ho vil saman med Hubertine Roebroek som er gartner på Hageland vise korleis du skal få godt resultat med såing, prikling og planlegging av kjøkkenhagen.

Kort og godt får du masse gode råd og tips som du kan gjera deg nytte av i eigen hage, seier Hubertine, som ønsker alle hjarteleg velkomne. 

Lær å plante ut stiklingar Foto: Hageland

Tysdag kan du lære mykje om såing og utplanting på Hageland. Foto: Hageland

Publisert: 4. mars 2019, 08:59