Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Næringslivsdag som inspirerte

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2019

Onsdag samla Surnadal Sparebank næringslivsfolk og andre interesserte til Næringslivsdag i Surnadal kulturhus. Det er 16. gong banken inviterer til slik samling, som skal være ei inspirasjonskjelde for både næringsliv og politisk miljø. Arrangementet har oppgjennom åra samla kåsører og foredragshaldarar frå øverste hylle og med mange aktuelle tema om økonomi, leiarskap og andre tema.

Eva Husby i Føniks vask og rens fortalte om sitt liv og virke – ei lang og god historie. Foto: Jon Olav Ørsal

For eigen del tykkjer eg at det er veldig interessant å høre dei lokale gründerane fortelje om «sitt liv og virke». Årets gründerhistorie var det Eva Husby som stod for.  Ho er dagleg leiar for verksemda Føniks vask og rens AS, men det var ei lang og artig historie før ho kom så langt som dit.

På vegen til sitt yrke i dag har ho vore innom mange ting som systua, skomakerverksted, bussdrift, lastebilkjøring, lodding, elektrikar og rørlegger, for å nemne noko. Ho er født i Trondheim og har mellom anna budd på Orkanger før ho etter kvart gifta seg til Surnadal.  Her starta ho som tilsett i vask- og renseri, der ho etter kvart vart sjef og sidan eigar. Ho er ein typisk gründer som prøvar på igjen, sjølv om det stoppar opp ein eller fleire gonger.  Det er veldig artig at slike lykkes og får det til å rulle etter kvart.

Bente K. Edvardsen deler ut lokalprodusert konfekt som takk for jobben til Eva Husby. Foto: Jon Olav Ørsal

Neste mann ut var Eirik Sevaldsen som opprinnelig er frå Kristiansund, men som nok er mest kjent for Lofthus Samvirkelag L/L som vart kåra til beste pizzarestaurant. Han er også gründertypen som aldri gir opp, og som etter kvart lykkes.  Artig historie han hadde også. 

Eirik Sevaldsen, som opprinnelig kjem frå Kristiansund, hadde også ei god gründerhistorie. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt var også Jan L. Andreassen frå EikaGruppen på plass med sin makroøkonomi og sine spådomar om den økonomiske utviklinga i både stor og liten målestokk. Han viste kor vanskeleg økonomisk synsing kan vær og bruka Yatzy-terningar for å spå utviklinga ute i storsamfunnet – f.eks Brexit og handelskrigen mellom USA og Kina. Han kan du følge på Twitter som @makroblogger eller på sparebananes heimesider der han fortel korleis saker og ting verkar inn på norsk økonomi.

Fast inventar – Jan L. Andreassen fortalte om norsk økonomi og korleis den blir påvirka. Han imponerte med å bruka T-skjorta han fikk i fjor. Foto: Jon Olav Ørsal

KIN dansegruppe hadde ei flott danseoppvisning, og markerte vinnaren av utviklingsprisen – Sagatun. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit av dei store høgdepunkta var utdeling av utviklingsprisen.  Den heng høgt, og har tidlegare gått både til privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar.  I år valgte banken å heidre den frivillige innsatsen som takka være lokale pådrivarar legg ned ein stor innsats for fellesskapet.  Prisen er på kr 25.000, og går for 2018 til Sagatun. Årets vinnar er bygd på dugnad og er ein samlingsplass for folk i alle aldrar – men spesielt er det lagt mykje vekt på arbeid med ungdom.  Det var ein rørt Hugo Pedersen som tok i mot prisen på vegne av Sagatun.

På programmet vidare utover dagen stod Claus Sonberg, som er partner i Zynk som er eit datafirma som driv med analyser av «stordata» for å forsøke å finne trendar og signal i sine stordata-analysar.  Neste ut var Julie Brodtkorb, som er direktør i Maskinentreprenøranes forening. Ho representerte det utradisjonelle yrkesvalet for kvinner, og hadde mange gode historier frå sin jobbsituasjon og frå sine 16 år med politisk erfaring frå bl.a. statsministerens kontor. Ho sette mellom anna fokus på kvardanen for små og middelsstore selskap og tilpasningsproblema for regelverk som næringslivet lider under.  Til slutt var det Robert Mood, tidlegare hærsjef og i dag generalsekretær for Norges Røde Kors som snakket om leiarskap og Roger Finjord som runda av Næringslivdagen med sitt foredrag «Jakten på det gode laget».  

 

 

Publisert: 6. mars 2019, 17:00