Heider til unge idrettsutøvarar på årsmøtet til Todalen idrettslag
Leiar i Todalen idrettslag, Nils Ove Bruset, var stolt da han på årsmøtet kunne gi heider til to unge og talentfulle idrettsutøvarar frå Todalen. Dei to har i ein alder av 15 og 16 år alt konkurrert i utlandet i løpet av vinteren. Sindre Bruset deltok i januar i Open Dutch i taekwondo i Nederland, og Erik Kårvatn var med på landslaget i rando-VM i Sveits i mars.