Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk med gode råd på vegen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mai 2019

Todalen kyrkje var på det næraste fullsett under konfirmasjonsgudstenesta sist søndag.  3  unge og trivelege damer vart i dag konfirmert av sokneprest Kristin Strand.

Dei tre konfirmantane er Karoline Brøndbo, Silje Øyen og Lina Husby Nygård, og har i vinter gått gjennom konfirmasjonsforebuinga. Det har vore ei triveleg tid og dei har klart å sette gode perspektiv på livet.  Dei tre konfirmantane fikk frå menigheta kvart sitt prakteksemplar av den nye songboka, og den har da også vore ei av lærebøkene som dei har bruka under konfirmantførebuinga.

I dagens preken fikk konfirmantane med seg gode råd på vegen inn i det vaksne livet.  Som soknepresten sa i prekenen så er ikkje livet alltid så enkelt, men den opnar seg alltid nye mulegheiter i ei spanande verd. Konfirmantane vart oppfordra til å leve eit langt og morosamt liv og til å bruke livets mulegheiter. Vi i Todalen.no nyttar høvet til å gratulere konfirmantar og foreldre med dagen!

Bildeglimt frå konfirmasjonen  – alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 19. mai 2019, 12:19