Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kva skjer med Todalsvegen – FV671 ?

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mai 2019

Du har kanskje lagt merke til at vegnummeret er teipa over på alle skilta med vegnummer 671.  Kva er det eigentleg som skjer med Todalsvegen?  Vi vart litt nysgjerrig, og sjekket litt på Vegvesenets infoside – www.vegvesen.no og søkte på fylkesveger vegnummer.  Da kom forklaringa!

Det er fylkesreformen eller rettare sagt regionreformen som gjer at rundt 3000 vegnummer må endrast. Mest for at alle vegar skal få unike vegnummer etter samanslåing av kommunar og fylker. Men det skjer og ei omklassifisering av nokre vegar, slik som for eksempel fylkesveg 671 frå Todalskrysset til Todalsøra som blir nedklassifisert. Her står det: «Var primær fylkesveg, men nedklassifiseres og får nytt firesifret vegnummer 6145». Det skjer i løpet av året. FV 670 frå Skei til Ålvundfossen blir ikkje nedklassifisert, og beheld sitt FV-nummer 670. 

Det er også andre vegar som får nytt nummer – FV 323 frå Kvennset til Bruset får nytt vegnr. 6146 og FV 324 frå Bruset til Halsabrua får vegnr 6148. I tillegg får FV 321 frå Kvanne til Stangvik nytt vegnummer 6144. 

Vil du lese meir om kvifor og korleis så finn du mykje informasjon på Statens vegvesens nettsider

Publisert: 22. mai 2019, 09:57