Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur i strålande sol

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. mai 2019

«Godt folk har godt ver!» heiter det, og i dag slo dette til! På årets første Kløverrusletur var det sol frå skyfri himmel og nesten vindstille – ein retteleg fin dag på Kvennsetøran!

Spegellblank fjord! Ester Karin, Ingeborg og Ingrid nyt finveret! Foto: Jorunn H

Grete og Jorunn Ø er godt i gang med dagens trim! Foto: Dordi J H

Sanitetshuset var base i dag, og 16 trimglade damer starta på trimtur ute i det fri; godt! Det vart turar i fleire retningar, alle gjekk passe langt! Somme tok motbakkane opp mot Løfta, og i dag var det ekstra fint å ta turen utover til Småbåthamna og sjøen.

Jorunn plukka ein fin bukett villblomster for å pynte til kaffelaget. Det inspirerte Kitty til å synge ein gammel slager om kjærlegheit og forglem meg ei! Foto: Dordi J H

Etter kvart samlast alle på plattingen framfor Sanitetshuset til kaffelag med graut og bakels som kaffebrød. Turfølgjet kosa seg i sola og syntest det var stas å treffast; det er alltid mykje å prate om.

Det er kjøle kjekt å ha Sanitetshuset, det er ein fin plass å samlast; – her kan vi kose oss både i finver og ruskever!

Neste måndag er det på ny Kløvertur, turmål bli kunngjort seinare.

Fleire bilete frå KløverRUSLEturen måndag 20. mai:

Heile gjengen! Fremst frå venstre: Jenny, Ingrid, Kitty, Grete. Bak ser vi: Jorunn H, Åse, Arndis, Helen, Ingeborg, Jean, Kari, Marit, Dordi, Ester Karin, Jorunn. Foto: Dordi J H

Fin turdag! Foto: Jorunn H

Oppe på trimposten Løfta! Dordi, Åse, Arndis, Marit, Jean, Kari. Foto: Helen.

Fin å vere ute på tur! Foto: Jorunn H

Alltid kjekt med kaffelag! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 20. mai 2019, 18:12