Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget minner om kulturvandringa på Husby i morgon, laurdag 1. juni.

Dordi Jorunn Halle Tysdag 21. mai 2019

Laurdag 1. juni inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Husby. Det blir start frå kyrkja kl. 12.00, der er det god plass til parkering. Vandringa vil omfatte Smålandsgrenda, Husbygarden, Fredrikstad, Lauvåskogen og Bekkerhagan. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie.

Lauvåskogen og Bekkerhagan. Her har det skjedd store endringar. Fotoeigar: Todalen historielag.

Grenda Husby  har mykje interessant historie å by på både når det gjeld kyrkje, tomatdyrking, laupstreng i Moabergå, skytebane, 17. mai-feiring på Husbygarden før Ungdomshuset vart bygd, Lauvåa med kvennhus og vassverk, nye bustadfelt både på Flathaugan og i Bekkerhagan. Og truleg er Husby eldste garden i bygda.

Kulturvandringa vil bli avslutta i Bekkerhagan. Her blir det høve til å vera med «å vippe Jeppe» – ein gammal leik som var mykje bruka «før i tida».

Bekkerhagan vel vil selje forfriskingar.

Alle er velkomne til å bli med på vandring i interessant lokal historie!

Husbymoen. Fotoeigar: Todalen historielag.

Første husa ved Lauvåa: Lauvås, Skogly, Gudvang og Solvoll. Fotoeigar: Todalen historielag.

Først publisert: 21. mai 2019, 14:30 - Sist oppdatert: 1. juni 2019, 17:05