Stem på månadens bilete for juli
Variabel, kan vi vell seia at juli var. Når vi starta med nysnø i fjella, og avslutta med hetebølge. Mykje fine bileter har kome inn til oss. og vi har plukka ut nye kandidatar til månades bilete kåring.
Vi fann 9220 artiklar i dette arkivet.
Variabel, kan vi vell seia at juli var. Når vi starta med nysnø i fjella, og avslutta med hetebølge. Mykje fine bileter har kome inn til oss. og vi har plukka ut nye kandidatar til månades bilete kåring.
I 2013 reiste Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth til Roma for å følgje i Kalla Skrøvseth’s fotspor. Kalla reiste til Roma i 1952 for å studere mosaikk-kunst, noko som ho seinare arbeidde mykje med, og det betydde mykje for ho som kunstnar i alle år.
Vi minner om turen som Stangvik Historielag arrangerer førskomande laurdag, den 10. august. Alternativ for start på turen kan vera ved Skjersåa innafor Rønnan, ved bommen for skogsbilvegen som går utover Stangvikliene, eller ein kan kjøre utover denne vegen (bomavgift kr 50,-) til ein ser skiltet STORSETRA på høgre side av vegen.
Verken Emil eller Fredrik ville ta på seg at dei var Tobias i tårnet, men dei to var stolte av tårnet dei har bygd med litt god snekkarhjelp. No er tårnet omtrent ferdig og dermed er sommarjobben unnagjort og gutane er snart klare for skulestart.
Skal du kjøre frå Todalen til Gjevilvasshytta har du to muligheter – enten å køyre om Sunndalsøra og Gråura eller så må du ta turen om Storås og Nerskogen. Via Sunndalsøra er det ca. 115 km, pluss ferge over Kvennafjorden, medan det er ca. 145 km vi Storås og Nerskogen.
Søndag fikk desse tre ein skikkeleg prøvetur på løypa for Kårvatn SkyRun som blir arrangert for første gong den 24. august. Det har lenge vore planlagt å kjøre ein test på løypa, men vi måtte vente til no på grunn av varmebølga dei siste par vekene, seier Gudmund Kårvatn, som er primus motor for arrangementet Kårvatn SkyRun. Arrangementet er eit samarbeid mellom Kårvatn Fjellutstyr og Todalen Idrettslag, fortel Kårvatn.
Dagens luftetur vart en fottur til Nauståfossen. På turen trefte vi på denne familieidyllen på vegkanten, der det var tid for en liten matbit. Mor Angus sørga for at junior fikk ein liten mjølkeskvett å kose seg med, og dette var nok ferskvare i ordets rette forstand.
Fredag 16. og Lørdag 17. august står norsk vandrefestival for tur med årets festivalarrangement. I år skal dei ha base i Svinvika, men fredagskvelden arrangeres kveldens konsert i tunet hos Slettneset Steinovnsbakeri. Her får vi først høre Tea Megaard før Anders Jektvik slepper til.
Sigrid Elise Talgø inviterte til «salong-salg» på Tovbu i Øyagrenda. Mange kom for å sjå, mange fann både riktig fine og nyttige saker her! Nesten ingen gjekk tomhendte heim att!
Det er Solveig Glærum som kjem med denne oppfordringa. Ho seier at det er alt for ofte at ho kjører gjennom tunellen at ho treffer syklistar og gåande som ikkje har lys fram og bak på sykkelen – og ikkje skikkeleg refleks.
Straks før du kjem til Svinviktunellen på Todalssia, har det i «nattens mulm og mørke» ramla ut ein stein som ligg like ved vegkanten. Den ligg rett nok utafor vegbanen, men kan likevel være skummel.
Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle feira bryllaup i vinter. Laurdag inviterte dei til heidundrande musikalsk etter-lag som open gratiskonsert i Stangvik-kyrkja. Svein og hans sunnmørske slektningar stod for det meste av programmet. Og for ein musikkfamilie! Orgel, klarinett, fløyter, horn, solosong, familiekor – og endatil ein 7-årig fiolinist gledde og imponerte den store forsamlinga. Frå vennekretsen deltok pianist (og komponist) Svein Gjære, munnspelaren Ola Bræin og pianist Hedda Hansen Berg.