Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Luftetur med familieidyll

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2019

Dagens luftetur vart en fottur til Nauståfossen. På turen trefte vi på denne familieidyllen på vegkanten, der det var tid for en liten matbit.  Mor Angus sørga for at junior fikk ein liten mjølkeskvett å kose seg med, og dette var nok ferskvare i ordets rette forstand.

I Nauståfossen har det vore mykje badeliv dei siste vekene, men det var ingen badeaktivitet da vi var der, til tross for både god temperatur og skikkeleg fin dusj frå fossen. Det var forresten godt med lufttemperatur på tjuetalet i staden for trettitalet som har vore vanleg dei siste par vekene.

Trefte også ein lettkledd handelsmann som var på hytta på slåttearbeid. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. august 2019, 18:02