Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På tampen av fellesferien – tur til Gjevilvasshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 4. august 2019

Skal du kjøre frå Todalen til Gjevilvasshytta har du to muligheter – enten å køyre om Sunndalsøra og Gråura eller så må du ta turen om Storås og Nerskogen. Via Sunndalsøra er det ca. 115 km, pluss ferge over Kvennafjorden, medan det er ca. 145 km vi Storås og Nerskogen.

Utsikt frå Gjevilvasshytta mot Rauøra og Okla. Foto. Jon Olav Ørsal

Valet fall på Nerskogen, da vi var litt usikre på trafikkavviklinga på grunn av vegarbeid i Gråura. Rundt 2 timar tok turen og vel framme på festa så tek du av og sett kursen innover bomvegen til Gjevilvassdalen og omsider hamnar du på Gjevilvasshytta som drives av Trondheim Turistforening.

Kaffe og bakels med rømme og jordbærsyltetøy smakte fortreffeleg, og vart servert i dagligstua og var ein del av tilbudet dei kunne tilby til dagturistane – hadde du lyst på «litt mer» kunne dei tilby prima rømmegraut og spekemat.

Jammen trefte vi ikkje ein todaling og på Gjevilvasshytta. – Oda Kårvatn jobbar her i sommar, og her er ho avbilda saman med vertinna Randi Horghagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi trefte også vertinna som heiter Randi Horghagen. Ho var slett ikkje nokon nybegynner, for ho er no inne i sin 20. sesong på Gjevilvasshytta. Ho fortalte at hytta har rundt 3000 overnattingar på ein god sesong. God sesong var det i fjor og sesongen i år ser ut til å bli minst like god. Ho fortalte at gjengen på Gjevilvasshytta likar at det er travelt, og dei trives godt i lag. Det smittar nok også over på gjestane som ser ut til å trives godt på hytta.

Rauøra er ein fantastisk fin badeplass som er godt til rettelagt for publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

For den som ønskjer å bade er Rauøra eit eldorado, som er godt tilrettelagt for bading. Her er tilhøva lagt til rette med toalett, livbøyer, infotavle, søppelkonteiner og ikkje minst ein skikkeleg parkeringsplass. Randi skrytte av at det har vore registrert temperaturar på 18-19 grader no i sommar, så her er det berre å trø til.  Gjevilvasshytta er også eit mykje bruka utgangspunkt for fotturar som f. eks. trekanten – Gjevilvasshytta, Trollheimshytta og Jøldalshytta.

På parkeringsplassen var det mange bilar som vitna om mykje folk i fjellet. Gjevilvasshytta er eit populært startpunkt for folk som vil gå trekanten – Gjevilvasshytta, Trollheimshytta og Jøldalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. august 2019, 21:29