Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9025 artiklar i dette arkivet.


Lysande historie frå krigen

Steinar Hasselø, Surnadal kulturhus Sundag 10. november 2019

Svein Sæter lanserer bok på Surnadal kulturhus 20. november: – Dette er den sterkaste historia eg nokon gong har fått skrive, fordi ho viser korleis menneskeverdet kan overvinne bestialiteten. Det seier Svein Sæter om den nye boka si, «Krig. Mor. Bror» (Samlaget). Svein er ein fredens mann, som stadig vender tilbake til den andre verdskrigen i bøkene sine. – I historiene frå krigens mareritt finn eg ei nesten naturstridig tru på humanisme. Eg sluttar aldri å undre meg over kva krefter som finst i mennesket når det verkeleg røyner på, seier Svein.


Fiskball til eit 70-tals sambygdinger

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Nordvik Grendalag inviterte sine sambygdinger på fiskballmiddag sist søndag, og det vart fullklaff med eit 70-tal til bords i Forsamlingshuset på Nordvik denne dagen. Serveringa starta kl 15, og alt etter eit kvarters tid var det få plassar ledig rundt borda, der det til og med var dekt på langbord på scena.


Julebordet i Ungdomshuset – snart siste frist for påmelding!!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Todalen idrettslag og Todalen Grendalag inviterer alle sine sambygdinger til julebord i Todalen ungdomshus. Det skjer den 23. november kl 20.00, dermed er det klart at dei gjentek suksessen frå i fjor med lokal julebordsfeiring i Ungdomshuset. Julebordet er ope for alle, og vi trur dette blir eit triveleg kalas, med mykje god julemat og god julestemning rundt borda i ungdomshuset, seier leiar i Todalen I.L. som presenter plakaten for Todalen.no.


Siste Kløvertur denne hausten

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. november 2019

Måndag 11. november blir det siste Kløverturen denne hausten. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Denne dagen går turen frå butikken og innover skogsvegen i Kvennsetlia.



Pro- pro mille, det kan gå deg ille…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. november 2019

I føremiddag var det kontroll av promille og førarkort ved Talgøfabrikken på Kvennset. Anders Magne Ormset og Olav Halse frå lensmannskontoret i Surnadal kontrollerte trafikken inn- og ut av bygda. Dei rakk å kontrollere rundt 25 billistar på den stunda dei stod der og vi kan straks røpe at resultatet var positivt. Ingen fekk anmerking verken for promille eller mangel på førarkort – alle todalingar var klåre, fortalte Ormset etter at kontrollen var over.


Ny vasskjelde skal forsyne heile Ørsalbukta

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2019

Den siste veka har det pågått arbeid med ny vasskjelde for Skrøåa vasslag i Ørsalbukta. Dei har tidlegare henta vatn frå bekken som renn forbi Utigarden Ørsal, der flaumvatn/overflatevatn har vore ei utfordring kvalitetsmessig. No er nytt inntak på gang, og da blir vatnet henta frå Krokann, der det har vore grunnboring for nokre år sia og er ei kjelde med prima kvalitet.



Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. november 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. desember i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!


Snøproduksjon går for fullt i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. november 2019

I Sæterlia «snør» det jamnt og trutt om dagen. No gjeld det å nytte kuldegradane for å produsere ein såle med kunstsnø i alpinbakken, slik at ein har noko å slite på utover vinteren. meteorologane lover iallfall ein kald vêrtype til tysdag eller onsdag så her blir det nok snøproduksjon gjennom heile helga. Men ut i neste veke er det fare for mildvêr igjen med søraustleg vindretning ifølge yr.no


Hageland opna julebutikken i dag

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. november 2019

På Hageland opna dei «julebutikken» i dag. Alle julevarer er på plass i butikken og opningsdagen blir markert i alle Hageland på denne dagen. – Aldri har vi vel hatt så flott juleutstilling og så mykje julevarer på plass i butikken som vi har i år, seier May Britt Dyrli. Dette markerer vi på opningsdagen, og fram til og med laurdag, med 30 % rabatt på alle julevarer.


Middag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. november 2019

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening melder at det blir middag for folk i bygda igjen. Middagen blir i Sanitetshuset tysdag 12. november kl. 14.00.