Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjer klart til vegarbeid

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. mars 2020

Når ein passerer Brusetbrua, ser ein at krattskogen langs Toåa på nordsida er borte, og det står skilt om vegarbeid. Skogen blir rydda langs vegen for å gjere klart til vegarbeid. Vegen frå Brusetbrua heilt inn til Romåbrua skal utvidast og utbetrast. Slik vegen er no, er han for smal og svak til å tåle nye og moderne landbruksmaskiner og tømmertransport.

Skog både ovanfor og nedanfor vegen blir hoggen ned. Foto: Dordi J H

Lars Bjarne Mauset  står for skogryddinga med hogstmaskin, artig å sjå kor presist  og effektivt arbeidet blir utført! Seinare kjem det flishoggar, slik at både vedastrangar og kvist kjem til nytte.

Effektiv skogsmaskin. Foto: Dordi J H

Presisjonsarbeid. Foto: Dordi J H

Vegarbdeidet er planlagt å starte seinare i vår, og det er Arne og Per Gjeldnes som skal uføre vgbygginga. Hala og Husby grunneigarlag er ansvarlege for denne vegen.

I eldre tidar gjekk ferdselsåra frå Hala og Husby innover til Ramsøya over Flathaugen, innover til Steinbrekka og over Myrane og ned til Ramsøya. Vegen langs elva innover Ramsøydalane vart bygd først på 1930-talet.

Da blir det interessant å følgje dette arbeidet vidare utover året.

Fininnstilt maskin! Foto: Dordi J H

Her ser vi litt av dei gamle murane som held vegen oppe. Dei skal ikkje bort, men det må kanskje bli nye murar ovanfor vegen. Foto: Dordi J H

Publisert: 4. mars 2020, 16:20