Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø sett inn tiltak mot Corona-viruset

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mars 2020

Ledelsen i Talgø har den siste tida vurdert risikoen som er relatert til utbruddet av Coronaviruset (COVI 19), og har i dag beslutta å innføre restriksjonar for å beskytte tilsette og for å unngå driftsstans som følge av at mange kan bli sjuke samtidig. 

Frå og med dags dato er det inntil vidare er planlagte bedriftsbesøk utsett eller begrensa så langt som mulig, dersom det ikkje er heilt nødvendig for å halde igang drifta. Det blir anbefalt å bruke Skype og andre digitale plattformer for å avvikle møte der det er muleg.

Det vil heller ikkje bli gjennomført utanlandsreiser, og dersom du har vore i eit risikoområde  (definert av Folkeheseinstistuttet) på reise blir tilsette bedne om å halde seg unna arbeidsplassen eit par veker. Øvrige tenestereiser skal være i samsvar med lokale myndigheiters anbefaling, blir det opplyst. 

Elles går anbefalingane ut på å følge FHs råd for forebygging av smitte, slik det er presentert på deira plakat som vi har lagt ut nedafor. 

Publisert: 3. mars 2020, 16:33