Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informerer om smittevern i butikken.

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2020

På Matkroken Todalen er plakaten om smittevern på plass på butikkdøra, fortel handelsmann Nordvik.  Det er eigentleg ein «føre var-plakat» som Folkehelseinstituttet står attafor som distribueres frå Coop sentralt.  Coop har sent ut info til sine butikker og korleis ein skal handtere situasjonen som har oppstått rundt «Corona-viruset» som vi etterkvart kjenner frå media.

Plakaten informerer kort og godt om korleis ein og kvar kan redusere smittefaren i 4 punkter – ved bruk av papirlommetørkle, hoste inn i albuekroken, vask av hendene og handdesinfeksjon. Nederst på sida har vi lagt ut plakaten som har enkle tips til forebyggende tiltak uten at det ligg nokon dramatikk i det!

 

Publisert: 2. mars 2020, 08:40