Bilete frå Todalen historielag
Atter en gong har vi vore så heldige å få bilete og tekst frå scannerpatruljen i Todalen Historielag, denne gongen er det fleire bilete av bryllaup i bygda.
Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.
Atter en gong har vi vore så heldige å få bilete og tekst frå scannerpatruljen i Todalen Historielag, denne gongen er det fleire bilete av bryllaup i bygda.
I helga vart det funne eit par skihanskar i Dalalia ved Kårvatn. Dei vart funne i traseen etter den merka turistlina, rundt 300 meter frå parkeringsplassen til hyttefeltet ved plassen. Er det du som er eigaren, kan du ta kontakt med finnaren på telefon 99117516!
Sjølv om temparaturen har vore stabil mellom 10 og 20 kuldegrader den siste tida har det vore stor trafikk til fjells. Det store turmålet er no Tydalsnebba, men det er også mange som nøyer seg med ein tur oppi Dalalia – men felles for alle er at dei er på søken etter pudderføre . Dalalia har den siste tida oppvarta med fint pudderføre, medan det på toppane er litt prega av at det har vore litt vind og i minste laget med snø.
Sol frå skyfri himmel, minus 18 grader og vindstille – det var altså ein gnistrande fin vinterdag da Todalen sanitetsforening selde fastelavnspynt framfor Hals/Matkroken.
I en pressemelding som er distribuert i dag har Todalen Elveeigarlag informert om arbeidet som er gjort for å endre vilkårene for laksefisket i Toåa. I første omgang er det en prøveordning på 2 år, der Todalen Elveeigarlag og Todalshytta AS inngår eit samarbeid om salg av laksefiske. Det legges tilrette både for lakseturisme og lokalt folkefiske står det i pessemeldingen som du kan lese nedenfor:
No nærmar det seg faste. Det er fastelavnsøndag 14. februar, og Todalen sanitetsforening har alt både fastelavnsris og fastelavnshjarte klare til sal. Laurdag 6. februar blir det sal av fin fastelavnspynt ved Hals/Matkroken.
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte onsdag 3. mars 2021 kl. 19:00. Årsmøtet blir på Thon Hotel Surnadal. Årmøtet vil bli arrangert med gode tryggingstiltak.
Natt til torsdag har vi hatt dei lågaste temperaturane så langt i vinter. På Kårvatn vart det registrert -22, og rundt bygda er det iallfall registrert temperatur tett opp til 20-talet. På vêrmeldinga til yr.no ser det ut til at vi må være førebudd på meir kulde – iallfall fram til neste helg.
Den siste tida er det mange som har vore utom kanten på vegen mellom Todalskrysset og Todalen. Etter det siste snøfallet er det fleire som har vore i grøfta, og det er grunn til å åtvare mot å kome for langt utpå kanten når du kjører på strekninga.
Måndag 1. februa er første dag i årets gaupejakt. Under årets kvotejak kan det her i fylket felles 4 dyr – eit dyr i felles delområde A; Tingvoll og deler av Sunndal, medan 3 dyr kan fellast i delområde B som er resten av forvaltningsområdet – Surnadal og gamle Aure.
Vi har fått melding frå Knut Bergli i Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe der han melder om fine forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion. Parkeringsplassen og brøyta, slik at det er mogleg å parkere for dei som kjem køyrande.
Frå skannarpatrulja i Todalen historielag har vi fått tilsendt interessante og fine bilete frå bryllaupsfeiring i Todalen på 1940/50-talet. Stor takk til Ingri og Ragnhild!