Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bryllaupsfeiring i Todalen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. januar 2021

Frå skannarpatrulja i Todalen historielag har vi fått tilsendt interessante og fine bilete frå bryllaupsfeiring i Todalen på 1940/50-talet. Stor takk til Ingri og Ragnhild! 

Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe skriv:

Her ser vi brudepar, «kokkelag» og hjelp frå tre forskjellige bryllaup; feiring på Bruset, i Todalshaugen og i Pestua. Anna Søyset (Moa eller Heimstad, ho hadde fleire namn) var mest truleg sjefskokke i alle. Det trongst mykje mat og servering slike dagar/helgar, det måtte nok planleggast nøye. Desse personane var viktige i slik samanheng, det ser ut for at det var god stemning blant dei!

Bryllaup på Bruset. Frå venstre ser vi: Gunnhild Husby, Maria Gjeldnes, Borghild Øyen, Bjørg Bruset, Kristen Bruset (kjemester), Anna Søyset, Gudrun Halle, Randi Ramsøy og Ingeborg Anna Bruset. Framfor sit brudeparet Marta og Kåre. 1955.

 Bryllaup i Pestua. Frå venstre fremst: Margit Finnvik, Knut Steinar Redalen, brura Ragna Ansnes, Kristine Bruset, Anna Søyset, Olina Halle, brudgommen Anders Ansnes, Brit Halle, Dagny Ingeborg Bruset, Randi Ramsøy og John Martinus Ansnes. Bak frå venstre: Ragna Kvendset, Olga Ørsal, Margit Hauge, Gudrun Halset og Maria Ørsal. 1947.

Bryllaup i Todalshaugen. Margrete (Halle) Kårvatn, Margrete Hals, Anna Halset (Oppistua, gift Sæter), brudeparet Gunnhild og Olav Hals, Liv Husby, ukjent, Maria Hjellnes (Heggøy) og Anna Søyset. Mannen bak er ukjent. 1943.

Bileta er frå arkivet til Todalen historielag.

Ingri og Ragnhild oppfordrar lesarar av todalen.no til å kome med korrektur og tilleggsopplysingar.

 

 

Publisert: 27. januar 2021, 19:05