Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fastelavnspynten gjekk unna

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. februar 2021

Sol frå skyfri himmel, minus 18 grader og vindstille – det var altså ein gnistrande fin vinterdag da Todalen sanitetsforening selde fastelavnspynt framfor Hals/Matkroken.

I Todalen er salg av fastelavnsris med fargerike fjører ein lang tradisjon. I mange år, altså i gamle dagar,  skjedde salget av ris ved at sanitetskvinnene gjekk frå hus til hus og selde ris. Men dei siste åra er salget «effektivisert» til ein salgsdag med stand framfor Hals.

Ivar er klar for handel. Foto: Dordi J H

I tillegg til dei tradisjonelle risa blir det no seld fine hjarte av lerk og store fjører til å pynte «sanitetstreet» ved hovudvegen. «Sanitetstreet» vil pynte opp så lenge fastetida varer og kanskje til over påske.

Fylkesleiar i NKS Møre og Romsdal, Elinor Bolme, er glad for at salget går godt. Inntektene frå fastelavnsrissalg har vore viktig for Sanitetskvinnene gjennom 75 år. Foto: Dordi J H

Det var kaldt å stå på stand i dag sjølv om seljarane hadde varme i bålpanna. Det var heldigvis mange som stilte på salgsdugnad slik at det vart berre ein time på kvart arbeidslag.

Salget av fastelavnspynten gjekk riktig så godt. Sal av fastelavnsris er ein godt innarbeidd og populær tradisjon i Todalen.

Fleire bilete:

«Sanitetstreet» pyntar fint opp attmed vegen. Foto: Dordi J H

Det vart mang ein god prat og god handel framfor Halsbua. Foto: Dordi J H

Publisert: 6. februar 2021, 16:18