Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.


Påskekrim 2021: del 3

Guro Redalen Laurdag 3. april 2021

I del 3 av påskekrimmen står vårteikna i kø. Men la deg ikkje bli bedøvd av pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sanser vere like krystallklår som ein Halling teke av vinden. Dette har hendt: Full forvirring mellom kjerringar av alle kjønn då det ikkje er fastsett noko idealtid […]


Påskekrim 2021: del 2

Guro Redalen Fredag 2. april 2021

Det er klar for del 2 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. Dette har hendt: Fleire pike – og gutterom står tom denne påska, og støvlaget legg seg på idrettsmerke frå lagseriestemne, premiar frå Småtrollcup og plakettar frå 4H. Tursti it´s the […]


Alt i gang med booking av ny sesong på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. april 2021

Arve Evensen er vertskap på Todalshytta for andre sesongen, og er alt no i gang med booking av årets sommarsesong.  Arve opplever travle dagen med oppgradering av hytta, og må være i mål før sesongen startar – det nye kjøkkenet er alt på plass og klar til bruk.  Arve fortel at han opplever stor usikkerheit i samband med koronasituasjonen og har enno unngått booking av utanlandske kundar.  Endring av reglement skjer ofte kortsiktig, og det gjer at situasjonen blir veldig usikker og vanskeleg å handtere.


Svorka: Sporadiske brudd i fibernettet

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. mars 2021

Svorka har sendt ut driftsmelding om sporadioske brudd på leveransen av bredbånd og TV onsdag 31. mars.  Det skjer mellom 08:00 og 10:00 grunnet nødvendig vedlikehold. 


Fin utfartsdag – folk kosa seg i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 28. mars 2021

Sjølv om vêrmeldingane for påskehelga er berre så midti laget så kan vi iallfall skryte litt av palmesøndagen, – og folk har jammen gjort seg nytte av det fine påskevêret.  Mange har nok teke skiene fatt og hatt både Tristeinan og Bjøråskaret som mål, men det er også mange som har teke turen til Toåa tursti, der det var perfekte forhold for å nyte dagen på barmark og i solveggen på gapahuken i Båthølen.


27.03.2021: Ein nærkontakt har fått påvist smitte

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. mars 2021

Ein nærkontakt som alt var er i karantene, har fått påvist positivt prøvesvar etter rutinemessig testing. Dette vart bekrefta no i kveld. Personen er busett i Surnadal. Vedkommande er isolert. Det blir ikkje behov for ytterlegare tiltak eller smittesporing som følge av dette smittetilfellet, står det i ei pressemelding frå Surnadal kommune.


I natt stiller vi klokka igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. mars 2021

I natt, nærare bestemt kl 2.00 stiller vi klokka fram ein time – til kl 3.  Da blir det sommartid og dermed blir dette døgnet ein time kortare. Sommartida vil gje oss ein time lengre og lysare sommarkveldar.  Det er ofte diskusjon om klokka skal stilles att eller fram, men her er regelen enkel og grei, for klakka skal alltid stilles mot sommaren – fram om våren og attende om hausten. 


Opningstider på Matkroken i påskehelga

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. mars 2021

I påskehelga er det regeulering av opningstida nokre av dagane – langfredag og 1. påskedag er butikken heilt stengt, men drivstoffanlegget til HalsOil er ope 24/7 – heile døgnet – for sal av drivstoff og kortbetaling.  Bla vidare så får du opningstider for heile påska – både butikkope og kioskop


Avlyser påskearrangementet på Nordviksetra

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. mars 2021

Frå styret i Nordvik Grendalag har vi fått melding om at grendalaget følgjer oppfordringa til regjeringa om å avlyse alle planlagte arrangement på grunn av koronasituasjonen.




Kløvertur – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. mars 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22. mars.  Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turruta blir bestemt ved oppmøte.