Innspurt på 3.-slåtten – normal avling
Todalen mjølk nyttar landvind og finvêr til å hauste inn siste rest av siloslåtten. Ein liten prat med Ståle Ansnes i Todalen Mjølk avslører at årets slåttesesong står fram som eit normalår når det gjel avling. 3.-slåtten er på rundt 6-700 mål for Todalen Mjølk, og utgjer rundt ein tredel av det totale arealet dei har til rådighet.