Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To rette og to vrange i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2021

Det var eit unormalt stort spenn i alderen mellom yngste og eldste deltakar på strikkekaffen i dag – yngste deltakar var Mattea Teilgård Hoem som hadde med seg gammeltante Anne Helene som konsulent og rådgjevar – til eldste deltakar som var Jenny Kvendset, som vanleg.  Tilsaman var det 16 deltakarar som var samla i Sanitetshuset, og vi passa på å ta turen innom akkurat da det var kaffeservering, med nystekte bakels og prima fyrstekake til kaffen.

Mattea Teilgård Hoem og gammeltante Anne Helene T. Halset. Kjekt å ha ei gammeltante som rådgjevar i strikkinga. Foto: Jon Olav Ørsal

Mattea hadde lagt att bundingen heime, med med god hjelp av gammeltante Anne Helene vart det ny bunding, og var alt godt i gang med den.  Kva den nye bundingen skulle bli var ikkje heilt bestemt, men ho hadde nok ein ide, forstod vi.  Mattea er ei aktiv dame på 12, som ikkje berre har strikking som hobby.  Ho spelar også fela kunne ho fortelje, og går no andre sesongen på kulturskulen.  Ho har eiga fele og akkurat no held dei på og øver inn Reodors ballade frå Flåklypa.  Kanskje Mattea tek med fela på neste strikkekaffe i sanitetshuset?

Faste programpostar utenom kaffeservering er lynlotteri – i dag var det Ingeborg Talgø og Synnøve Talgø som var lotterisjefar, og dei hadde mange gevinstar å by på, så det var sikkert eit omfattande loddsal, med trekning på tampen av dagen.  

Lynlotteri er fast innslag når det er strikkekaffe. Mange gevinstar borgar for at det er mange som blir vinnarar. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. september 2021, 14:51