Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elgfall i Reitbotn ovafor Tårnet

Jon Olav Ørsal Sundag 26. september 2021

Søndag har det vore ein fantastisk dag i fjellet, og mange har nok nytta høvet både til turbruk og til jakt.  Øya jaktlag som opererer på sørsida av bygda har vore stasjonert på Skihytta, og har jakta derifrå eit par dagar.  I dag var det elgfall i Reitbotn ovafor Tårnet tidleg på ettermiddagen og ein spissbukk i Øyalia litt etterpå.

Dyra som vart skotne i dag vart frakta ned til Øya, og vart slakta og hengt til mørning der. Laurdag var no jakta litt hemma av skodde og regn, men i dag har det vore kjmpefine forhold for å drive jakt.  Begge dyra vart frakta ned for slakting og oppheng til mørning.  

Jakttida for elg er fra 25. september til 23. desemberm medan hjortjakta går frå 1. september til 23.12. 

Utvomming av elgen – Ola Ansnes, Arve Halset og Knut Halset.  foto Sondre Halset

 

Publisert: 26. september 2021, 18:10