Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9146 artiklar i dette arkivet.


Saniteten: – Alle strikka for Ukraina

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mars 2022

Laurdag var det ny strikkekaffe i Sanitetshuset.  Det vart ein litt spesiell strikkekaffe denne gongen, for no strikka vi på oppfordring til flyktningar frå Ukraina som sannsynleg vis er like rundt hjørnet.  Da er det huver, vottar, lestar og skjerf som står på programmet, fortel Åse Redalen i Todalen Sanitetsforening til Todalen.no



Røde Kors: Gi så det svir

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

Røde Kors mobiliserer no for Ukraina saman med Coop.  Det hastar med å kome i gang med hjelp til Ukraina – først og fremst er det pengar det er behov for, og Røde Kors har difor starta innsamlingsaksjon i lag med Coop.  For å få det til å gå fort har Coop gjeve 10 millionar til denne aksjonen, og i tillegg har dei mobilisert butikkane til innsamlingsaksjon i butikkane.


Sparebank1 Nordmøre: Stor interesse for næringslivsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

No er det 2 år sia det sist var arrangert næringslivsdag i bankens regi, og årets arrangement er nummer 18 i rekkja. I fjor vart det ikkje noko arrangement på grunn av pandemien, men i år blir det – og årets arrangement er etterlengta, fortel Liv Dalsegg og Ole Magnus Løwe hos Sparebank1 Nordmøre i Surnadal.



Haukåbrua – snart klart for støyping

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2022

Vi har tidlegare omtalt at arbeidet med renovering av Haukåbrua har vorte meir omfattande en ein først trudde.  Det er  Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør, som fortel at dei no nærmar seg slutten på forskalingsarbeidet og er klare for å starte støypearbeidet.  Kanskje blir det betongarbeid alt på laurdag, dersom dei kan få betong da?


Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. mars 2022

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem tysdag 15. og onsdag 16. mars. Det er mange ledige timar båe dagane.


Kyrkja i solidaritet

Tekst og foto: Bernt Bøe Måndag 28. februar 2022

I kyrkjene verda over er gudstenestene i desse dagar prega av solidaritet med Ukraina. Slik også hos oss i Todalen kyrkje søndag. Vel ligg den allmenne gudstenesteramma fast og uendra uansett skiftande tider. I den har jo livets skiftande vilkår alltid sin plass. Men denne dagen var bøner, takkoffer, song og musikk særleg prega av det vonde som skjer i det søraustlege Europa og av solidaritet med dei lidande. 


Randorenn og litt omkring – sjå om du ser kjentfolk

Jon Olav Ørsal Sundag 27. februar 2022

Under skirennet i helga vart det fotografert litt rundt omkring og  i tilleg har vi fått bilder med mange bidragsytarar som vi ikkje har hatt høve til å vise. Derfor har vi laga bildegalleri der vi presenterer nokre av bileta, og der du kan bla gjennom i ro og mak.  Kanskje er det nokon du kjenner som er med på bileta – eller du berre har lyst til å sjå.  Til alle bidragsytarar seier vi tusen takk og håper at dei kjem til sin rett her i galleriet.


Kårvatn Skimo 2022 – Jonathan Albon vart raskast i Dalalia

Jon Olav Ørsal Sundag 27. februar 2022

Under søndagens konkurranse i vertikal var det Jonathan Albon som var raskast til topps på tida 24.14,9, medan gårdagens vinnar Vegard Øie kom på 2.-plass med 24:26.8 – eller 11,9 sekund etter. På tredjeplass kom Petter Engdal med tida 25:55.1.


Kløvertur til Todalsøra

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. februar 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?


Kårvatn Skimo: Vellukka individuell i Dalalia

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. februar 2022

Vegard Øie gikk til topps i laurdagens konkurranse i individuell på Kårvatn. Vegard leia næast frå start til mål, men fikk kamp heilt til målstreken av Jonathan Albon som kom i mål berre 6 tideler etter Øie.  – Spenning var også knytt til Erik Kårvatn på heimebane.  Han fikk ein fin 2.-plass, 2,42 etter Trym Dalset Lødøen i mål.