Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndagsope – og klart for ein ny vår..

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2022

Med «vêrbruket» som har vore dei siste dagane, så er det ikkje akkurat våronn med utplanting av blomster og kjøp av hagemøblar som ligg fremst i dagsplana.  Men etter ein periode med dårleg vêr så kjem det alltid ein periode med bra vêr, og da er det bra å være litt førebudd!  På Hageland Surnadal har dei jobba med våren i sikte dei siste par månadene, og no er det meste på plass i butikken.  I helga markerast starten på ein ny vårsesong med søndagsopen butikk og nye opningstider – på Hageland blir nemleg butikken open heile påska!

Hagemøblar og sommarvarer er på plass i Hageland Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt startar vårsesongen med nye opningstider i dag, og frå i dag og til langt uti juli er det berre 17. mai at butikken er stengt.  De nye opningstidene betyr at det er ope til kl 18 på kvardager, medan laurdag er ope til kl 16 og søndag er ope i tidsrommet 12 til 17.   For påska er det egne opningstider som vi gjengir nedafor 

Opningstid for Hageland Surnadal i påskehelga:

Palmesøndag   10.4.:     12-17
Måndag             11.4.:     10-18
Tysdag              12.4.:     10-18
Onsdag             13.4.:     10-16
Skjærtorsdag   14.4.:      12-17
Langfredag       15.4.:     12-17
Påskelaurdag   16.4.:     10-13
1.påskedag       17.4.:     12 -17
2.påskedag      18.4.:     12-17   

 

Publisert: 10. april 2022, 09:01