Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prisar nygrøå og våren på Kvennset

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2022

I dag tidleg var det flott besøk på Kvennset – 4 rådyr beita fredeleg på nygrøå på ekra innafor Talgø-fabrikken.  Om vi stoppa for å ta eit bilete, så tok dei det heilt med ro. Men det var ikkje berre rådyr som var ute på morgonbeite i 7.30-tida.  Nokre gjess gassa seg med nygrøå litt lenger nedpå ekra, og satte tydeleg pris på det nye innslaget i kosthaldet.

Dei fire rådyra hadde selskap av eit par gjess på ekra innafor fabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

På Kvennset er det snart barmark igjen etter snøfallet dei siste dagane.  Det er blaut og våt snø som tinar fort, og dersom det blir litt varme no, så kjem nok grasvoksteren fort i gang, og det får nok både hjort, rådyr  – og store og små fuglar smaken på.  

Publisert: 12. april 2022, 08:07