Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langfredag: Gunnøydilten i Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. april 2022

Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen med å arrangere Gunnøydilten som langfredagsaktivitet.   Sjølv om aktiviteten blir kalla Gunnøydilten så vil hovudaktiviteten med sal av kaffe og anna forfriskningar skje ved Gapahuken ved Båthølen, fortel Anita Talgø i Trimgruppa. Start mellom klokka 12 og 15.

Ved gapahuken blir det sjølvsagt fyr på bålpanna og det blir både sal av kaffe & kanensnurrar og grilling av pølser for sal.  Trimgruppa byr på «vippslotteri» med mange gevinstar, og ein flott Pica hengestol som hovudgevinst. Frå lotteriet er inntekta øremerka reparasjon av hengebrua ved Heggøyan.  Hengebrua vart skadd under ein av vinterstormane og har sia vore stengt, men brua er hyppig i bruk av trimmarar så det hastar med å få reparert brua til trimsesongen startar for fullt. 

Ta med godt humør og kom på triveleg påskefeiring i Todalen er mottoet til Trimgruppa i Todalen I.L.!  Rikeleg med parkeringsplass ved Todalen kyrkje – merka løype til turstien derifrå.  

 

Først publisert: 13. april 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 14. april 2022, 21:22