Prisar nygrøå og våren på Kvennset
I dag tidleg var det flott besøk på Kvennset – 4 rådyr beita fredeleg på nygrøå på ekra innafor Talgø-fabrikken. Om vi stoppa for å ta eit bilete, så tok dei det heilt med ro. Men det var ikkje berre rådyr som var ute på morgonbeite i 7.30-tida. Nokre gjess gassa seg med nygrøå litt lenger nedpå ekra, og satte tydeleg pris på det nye innslaget i kosthaldet.