Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bru eller ikkje bru – no går toget?

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mai 2022

Onsdag 25. mai er det møte i Hovudutval for miljø, areal og teknikk.  Da kjem saka om Øyabrua opp til behandling.  Denne saka har versert i komunale kanalar heilt sia desember i 2017, uten at det er avgjort kva som skal skje vidare.  Ei ny bru over Toåa ved Øyabrua er kostnadsrekna til 14,75 mill.  Dersom vi skal bevara Øyabrua så er det kanskje på tide at vi tek til orde for at det skal skje – og det må vi gjera fort, ettersom dette kan bli avgjort alt på onsdag. 

Det er laga både skaderapportar, oversikt over skadetypar og årsaker, og to kostnadsoverslag for ny bru som – dokument som du kan laste ned. Nedafor kan du lese kommunedirektørens kommentarer som går for riving av brua.

Etter at innsnevringa av kjørebanen kom, er det liten trafikk over Øyabrua. Her er nokre måsar i ei fredeleg kveldsstund på rekkverket – med pause i våronna. Foto Jon Olav Ørsal

Kommunedirektørens vurdering
Kommunedirektøren meiner vi fortsatt har to val – anten ny bru eller ikkje. Det er ikkje eit reelt alternativ å reparere/ rehabilitere eksisterande brukonstruksjon da skadene er for omfattande på brua. Safe Control meiner at brua er i ein slik tilstand at den kan utgjere ein risiko og at den av den grunn bør vurderast stenging / riving.
Kostnadene for ei ny kjørebru er av ein slik størrelsesorden at det ikkje kan forsvarast ut i frå ei kost – nyttevurdering. Det gjeld både alternativet med NTB brubjelker (betongelementer) og stålbjelkebru. Det er allereie to bruer over elva Toåa og avstanden mellom dei er ikkje større enn at desse to bruane skal dekke opp behovet, sjølv om kommunedirektøren har forståing for at det vil vere noko meir tungvint.
Spørsmålet har vore reist om det kan vere av interesse å sjå på ei ny bruløysing saman med fylkeskommunen. Vi har vore i kontakt med dei for å få ei vurdering av korleis dei vurderer sine to bruer i Todalen, da spesielt med tanke på brua på Bruset. Etter inspeksjon av denne brua er det oppdaga noko erosjon på oppsida av midtre pilar. For å få utbetra dette er det snakk om ein kostnad rundt rekna ein 4-500 000. Når dette er gjort vil fylkeskommunen ha to bruer i Todalen som godt tilfredsstiller krava deira. Det er derfor ikkje aktuelt for dei å gå saman med kommunen for å vurdere ei eventuell løysing på eit brualternativ saman med kommunen.

Saksframlegg:  Øyabrua i Todalen

1. Skaderapport Øyabrua 2017 (1)

2. Skadetyper 2017
3. Kostnadsoverslag ny Øya bru,

4. NTB 1200Skadeårsak 2017 

5. Kostnadsoverslag ny Øya bru, stålbjelkebru med tredekke

 

Publisert: 22. mai 2022, 18:17