Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. mai 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. mai. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Blir du med på tur?

Denne siste måndagen i mai blir det tur i Gammelvegen med start frå Svinvika. 

Samkjøring frå Halsbua og utover til parkeringsplassen i Svinvika. Yr melder godt ver, så det kan bli fint med pause oppå Kammen.

Neste turdag blir ikkje før 13. juni da det ikkje er Kløvertur 2. pinsedag.

Alle er velkomne til å bli med på Kløvertur!

Måndag 23. mai gjekk turen opp til  Lundingsplassen på Bruset. Det var ikkje så mange som deltok, men det var ein riktig så fin og kjekk tur med mykje god prat!

Lang pratepause i godveret oppå KLeiva. Her er det fin utsikt! Rundt bordet: Karen Johanne, Dordi Ingeborg, Arndis, Helen og Kari. Foto: Marit Sanden Søyset.

Oppå Lundingsplassen er det mange turruter å velje mellom om ein ønsker å ta ein lengre tur. Foto: Marit Sanden Søyset.

På heimtur! Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 28. mai 2022, 08:04