Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonelt biltog – til Brusetmarka og rundt bygda

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mai 2022

Todalen har kanskje verdens eldste biltog i samband med feiringa av grunnlovsdagen – heilt sia 1950-talet har det vore tradisjon med biltog – eller skrommeltog som det vart kalla i gamle dagar. Årets biltog hadde 58 kjørty som deltakarar, og det er ein liten nedgang sia fjorårets biltog.  Om det er drivstoffprisane som er årsak til det veit vi ikkje, men den kan og være Todalen.no aprilspøk om at berre elbilar fekk delta i biltoget i år. 

Mange var møtt opp for å helse til biltoget oppover bygda – her er Lars med Vømmølvogna ved Lauvåskogan. Foto Jon Olav Ørsal

Det er iallfall fint å kunne feire grunnlovsdagen i slikt fint vêr – sol frå skyfri himmel var så kjærkomme etter 3-4 månader med berre snø, slap og regn.  Men jammen var det frostnatt og rimfrost natt til 17., så vi er vel ikkje heilt sikre enno. 

Det vart eit langt tog – med 58 kjørty – her passerer biltoget forbi Trudvangkrysset i Brusetmarka.

Biltoget gikk i allfall oppover bygda på nordsida. Oppover til Gammelfabrikken, det det vart ein kort stopp og omorganisering og så nedover bygda på sørsida  – over Halsabrua og til Bordholmen, der Todalen Idrettslag overtok og serverte frukost til heile gjengen.

Vi har lagt mange bilder i bildegallerie – sjekk om du kan sjå kjentfolk?   Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2022, 11:45