Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte til lunchselskap for godt vaksne

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mai 2022

Tysdag inviterte omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening alle godt vaksne sambygdingar til lunch, og jammen samla dei eit stort trettital rundt lunchbordet i Sanitetshuset.  Dette er ei påskjønning og tildeling av velferdsmidlar frå NKS sentralt, og er tenkt for at eldre skal kome seg ut og være sosiale.  Eller rett og slett for å sjå andre ansikt enn ein ser til dagleg, som Maren sa da ho ønska gjestane velkomne til bords til eit hyggeleg måltid.

Jorun Ørsal som er leiar i omsorgsberedskapsgruppa fortel at dei legg vekt på å servere sunn og god mat – rett og slett solid husmannskost.  Saniteten kjem nok til å ha fleire slike arrangement, både middag og lunchservering.  Alt 14. juni inviteres alle interesserte til servering av grillmat i samband med halvårsavslutninga i Todalen Sanitetsforening – og gjestane vart oppfordra til å kome att da. 

Samtidig presenterte Maren årets kunstlotteri i sanitetens regi – eit måleri med tittelen «Håp for fred», som er laga av lokal kunstnar Tanja Heggem Grimsmo frå Bøfjorden.  Gjestane vart oppfordra til å kjøpe lodd på det flotte maleriet, der inntekta går til drift av Todalen sanitetsforening.  

Det vart ei triveleg stund rundt bordet i Sanitetshuset. Foto Jon Olav Ørsal

Lunchgjengen serverte sunn og god mat til gjestane. Frå venstre Karen Johanne Talgø, Maren Ansnes, Kari kvendset, Åse V. Redalen, Jorunn Hals og Arndis Søyset. Foto Jon Olav Ørsal

Leiar i Todalen Sanitetsforening presenterte hovudgevinsten i kunstlotteriet – «Håp for fred» som er laga av kunstnaren Tanja Heggem Grimsmo. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. mai 2022, 15:15