Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9101 artiklar i dette arkivet.


Kjøp Trimgruppas julekalender – salet er godt i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. november 2022

På Matkroken Todalen er trimgruppa i gang med salet av julekalendrar.  Dette prosjektet er nytt av året, og skal gje nokre ekstra slantar i kassa for TILs trimgruppe.  Julekalenderen har gjevinstar kvar dag frå 1. desember og fram til og med julaftan, og vinnaren blir kunngjort kvar dag fram til jul på Todalen.no.  Kvart lodd på julekalenderen kostar kr 100,- og du kan kjøpe så mange du vil!


Kløvertur i kald vind frå aust

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. november 2022

Nest siste måndagen i november var det retteleg kald vind frå aust, men kløvertur vart det! Ikkje så mange deltakarar, men godt påkledde og såg mest ut som «polfarar».


Demensforeninga: – Minner på om bokbading

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. november 2022

Surnadal demensforening og helselag minner om bokbadet med Kari Løvendahl Mogstad og dotra Selma.  Det skjer på kulturhuset torsdag 1. desember kl 19:00, når dei kjem for å presentere boka dei to har skrive om spisevegring. Det er Kari Evensen som «bokbader» dei to.


Premiere for historielagets årsskrift for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2022

Presentasjonen av årsskriftet er det store høgdepunktet for Todalen historielag.  Søndag ettermiddag vart årsskriftet for 2022 presentert i ungdomshuset, og det samla eit 60-tal med sambygdingar til bokslepp.  At historielaget i bygda har eit par hundre medlemar viser at todalingane tek vel vare på historia og som tok i mot sitt årsskrift med stor interesse.


Kløvertur på Kvennset

Dordi Jorunn Halle Sundag 20. november 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.


Val 2023: – Ranes og Røv blir listetoppar

Jon Olav Ørsal Fredag 18. november 2022

Neste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar.  Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag.  Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.


Trimgruppas Julekalender 2022 oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2022

I år satsar Trimgruppa på ein ny og kreativ vri med å lage eein eigen og lokal variant med julekalender, og da er det sjølvsagt gevinstar av den lokale og kortreiste typen. Det kan være lokalprodusert handtverk, mat, bakst eller kunst – og sjølvsagt mukje anna rart som skal gjera det spennande å «opne luka» […]



Todalshytta: Populært med «kjøtt & påsse»

Jon Olav Ørsal Sundag 13. november 2022

Det var mange som nytta høvet til å stikke innom Todalshytta for å sikre seg ein porsjon med «kjøtt & påsse».  Todalshytta har prøva seg med litt husmannskost på menyen innimellom travle dagar med mykje gjestar.  Tidlegare har det vore både sildball, potetball, tjukkerter og i dag altså kjøtt & påsse. 


Kløvertur til Svabu

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. november 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.


Laurdagskveld med Thaibuffet på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. november 2022

Neste laurdag er du velkommen til Thaibuffet på Todalshytta.  Laurdag 19. november er det nemleg klart for ein heilt spesiell dag på Todalshytta. – Lokale krefter frå Thailand har sett saman det beste av råvarer og forskjellige rettar fra eit smaksrikt land med tradisjonar. Her blir det alt frå vårruller – biff – kylling – supper – scampi – søte og sterke smakar i ei god blanding.


Den store tømmerdrifta er i mål – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 11. november 2022

Dei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon.  Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene,  med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna.  Tømmeret […]