Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for Kårvatn Skimo – 4. og 5. februar er det i Todalen det skjer

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. januar 2023

Denne helga er det full fart, og aldri har vel engasjementet og interessen vore større enn i år, fortel Gudmund Kårvatn, som melder om stor interesse for årets arrangement.  – Han fortel at det alt no er påmeldingar frå Tromsø i nord og mange frå randonee-miljøet i Romsdalen, slik at vi kanskje får oppleve tidenes heat i Dalalia. Fleire nye namn er det også, så dette blir spennande. 

Sjølvsagt har det vore knytt spenning til vêr og føre i Dalalia og ifjellet, og mildvêret den siste tida har tæra på snøen, men vêrmeldinga i forkant av arrangementet er klart med nordvest og ein god del snø, så Gudmund er ikkje bekymra for føret.

Erik Kårvatn og Trym Dalset Lødøen. Erik må nok finne seg i å være ein av favorittane på heimebane i Dalalia. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

 Bankett
Nytt i år er at arrangøren tek oppatt banketten på laurdagskvelden.  Det skjer i Todalen ungdomshus, og her inviterast både løparar, funksjonærar og alle andre som har lyst.  På programmet denne kvelden står bl.a. kåseri av randonee-veteranen Bård Smestad.  Vil du være med så må du melde deg på!

Påmelding
Bli med på vinterens råaste skimo-konkurranse oppfordrar Trollheimen fjellsportklubb.
Kårvatn Skimo er en konkurranse med lange tradisjonar. Sia 2010 har det vore arrangert skimo-konkurranse her, og kvart år har løpet vore ein del av norgescupen, skandinavisk cup eller som NM. Arrangøren oppfordrar til lokal deltaking og gjer merksam på at konkurransen er open for alle!

Påmelding skjer på heimesida til Kårvatn Skimo som du finn link til her!
Løypeprofilar for individuell og vertikal er klare! Sjå heimesida for meir informasjon og link til påmelding.
Sjå årets løype i karta som er lagt ut nedafor!

Individuell laurdag

  • U20 / Senior / Veteran består av ca. 1400 høgdemeter / 11 km.
  • U18 / U16 og yngre, samt trimklasse ca. 900 høgdemeter / 9 km.

Vertikal søndag

  • U20 / Senior / Veteran består av ca. 700 høgdemeter / 4 km.
  • U18 / U16 og yngre, samt trimklasse ca. 700 høgdemeter / 4 km.

Starttid:

  • Individuell NM laurdag: 11.00
  • Trim og turklasser laurdag: 10.00
  • Vertikal NM søndag: 11.00
  • Trim og turklasse søndag: 10.00

Løypekartet for laurdagens individuelle konkurranse – U18, U16 og yngre køyrer den kortaste løypa. Kart frå Kårvatn Skimo

Løypekart for søndagens vertikal – her gjeld det å kome først til toppen! Kart frå Kårvatn Skimo

Først publisert: 31. januar 2023, 09:58 - Sist oppdatert: 1. februar 2023, 16:36