Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo med rekorddeltaking

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. februar 2023

Med 57 deltakarar på startstreken i dagens individuell så er dette ein solid rekord for Skimo Kårvatn 2023, som samtidig var NM i randonee for 2023.  I dag var det ingen som kunne tukte Kilian Jornet Burgada – spanjol som går for Måndalen, som kom i mål på tida 1:18:47 som hadde Hans-Inge Klette hakk i hel, men 45 sekund etter. På tredjeplass Trym Dalset Lødøen, 1 sekund etter.  Men norgesmester var Klette, med Lødøen på andre og Jonas Petter Engdal på tredje. I klassen menn U20 vart Erik Kårvatn best på tida 1:25:49 og dermed vart han norgesmester på heimebane.

Norgesmester – Marin Bartnes frå skiforbundet delte ut premier for NM. Her får Hans Inge Klette gullmedalje medan Trym Dalset Lødøen får sølv og Jonas Petter Engdal får bronse. Foto Jon Olav Ørsal

I kvinneklassen vart det Hildehgunn Hovdenak som vart norgesmester, med Ingeborg Treu Røe på andreplass og Molly Bazlichauk på tredje.  Hovdenak kom i mål på tida 1:50:10.  Vinner av dameklassen i Kårvatn Skimo var imidlertid Emelie Forsberg frå Sverige med tida 1:38:52 med Johanna Åstrøm på andreplass med tida 1:41:10. I kvinneklassen U20 vart Ine Skille best på tida 2:15:06 med Hedda Bjerkestrand Mjøen på andreplass på tida 2:37:52.  Den komplette resultatlista ligg lenger bak i artikkelen.

I klassen menn 16 var det sterkt innslag av lokale ungdommar – Aron Rodal Haugen gikk til topps, medan Isak Drøpping kapra tredjeplassen. 

Ingen klarte å tokte spanjolen Kilian Jornet Burgada – han var suveren vinner for herreklassen i Kåratn Skimo 2023. Foto Jon Olav Ørsal

Arne Gjethammer som var teknisk delegert og som hadde ansvaret for å sjekke kaliteten på arrangementet var full av lovord over arrangøren Trollheimen Fjellsportklubb.  Her er det fleire deltakarar enn det var på Bjorli og Espedalen til saman, og spesielt vart han imponert over kor godt funksjonærstaben fungerte og kor høg kvalitet det var på arrangørstaben.  Dette må være ei skikkeleg stjerne i hatten for arrangørklubben.

I kveld fortsetter arrangementet med bankett for deltakarar, funksjonærer og andre i Todalen ungdomshus, før arrangementet fortsett med vertikal søndag, med start kl 11.  Her er det påmeld i overkant av 30 deltakarar – også det er vel rekord for Kårvatn Skimo.   

Her har vi lagt ut resutatlista for dagens arrangement  – resultatliste lørdag

Erik på pallen – Det smakte nok spesielt godt for Erik Kårvatn å bli norgesmester på heimebane. Erik er forresten lommekjent i Dalalia. Foto Jon Olav Ørsal

Bildegalleri frå dagens arrangement 

 

Publisert: 4. februar 2023, 17:29