Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen sanitetsforening – årsmeldinga syner god aktivitet og rekneskapen god økonomi

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. februar 2023

Leiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.

Frå årsmeldinga:

Sanitetsforeninga støttar prosjektet INN PÅ TUNET både økonomisk og med praktisk hjelp. Inn på tunet er eit aktivitets- og overnattingstilbod for personar med demens/kognitiv svikt. Dette opplegget fekk prisen for «Årets prosjekt» i 2021, prisutdeling med diplom og 10 000 kroner på regional samling i Trondheim i 2022. Prosjektet held fram i 2023.

RUSS 2022 – samarbeidsprosjekt mellom sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal og Surnadal sparebank, mellom anna får russen tilbod om gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse.

Servering av kveldsmat og underhaldning i samarbeid med P17-koret på sjukeheimen, ein triveleg kveld. Todalingar over 80 år fekk blomsterhelsing til jul.

I juni var det ei vellukka sommaravslutning med servering av grillmat – alle todalingar var inviterte, og det var svært godt oppmøte.

Faste aktivitetar er strikkekaffe og kløvertur. Helen Saksen og Arndis Søyset er ansvarlege for tilbodet strikkekaffe – 8 gonger dette året, og det vart 29 kløverturdagar med ulike turmål frå Haltbakkan til Kårvatn.

I oktober var det ein vellukka basar, og elles tradisjonelt salg av fastelavnsris og maiblomster.

Møtelyden. Fremst frå venstre: May E. Holten, Solveig Glærum, Maren Ansnes, Kari Kvendset. Attom frå venstre: Marit S. Søyset, Steffi Bohle, Ragnhild A. Moe, Liv Larsen, Karen J. Talgø, Kristine Saksen, Nina Johansen, Jorunn H. Ørsal, Anne Helene Halset, Jorunn Husby, Arndis Søyset, Helen M. Saksen, Synnøve H. Talgø. Foto: Dordi J. H.

Økonomi

Kasserar Ragnhild Ansnes Moe la fram rekneskap og budsjett. Rekneskapen syner at økonomien i laget er solid og med godt driftsoverskudd, og budsjettet er nøkternt. Men når laget har eige hus, er det godt å ha litt reservar til eventuelle utbetringar og påkostnader.

Omsorgsberedskap.

Medlemmer i gruppa: Jorunn Hals Ørsal, Kari Kvendset og Maren Ansnes. Gruppa har hatt stor aktivitet i 2022, og har mellom anna delteke på øvingar i forhold til brann og redning. Treff med tema «Trygge lokalsamfunn» i samarbeid med Surnadal brannvesen – stort oppmøte. To lunsjar for eldre heimebuande i bygda – viktige trivselstiltak. Jorunn Husby kom inn som ny medlem i gruppa etter Kari Kvendset.

Tillitsvalde for 2023. Fremst frå venstre: Solveig Glærum, Maren Ansnes, Kari Kvendset. Attom frå venstre: Marit Sanden Søyset, Steffi Bohle, Ragnhild Ansnes Moe, Jorun Hals Ørsal, Anne Helene Halset, Jorunn Husby, Synnøve Hole Talgø, Arndis Søyset. Foto: Dordi J H

Årsmøtet vart avslutta med valg

Styret for 2023: Leiar Maren Ansnes, nestleiar Solveig Glærum, sekretær Steffi Bohle, kasserar Ragnhild Ansnes Moe, styremedlemmer Kari Kvendset og Åse Ville Redalen, vararepresentantar Arndis Søyset og Marit Sanden Søyset. Husstyre: Anne Helene Halset og Synnøve Hole Talgø.

Kunstlotteriet 2022

Foto: Dordi J H

Sanitetsforeninga har dei siste åra lodda ut eit kunstverk der loddsalet går over eit heilt år. Vinnaren blir trekt på årsmøtet. Biletet som vart lodda ut i år, har tittelen «Håp om fred» – eit svært så aktuelt tema no. Kunstnaren er Tanja Heggem Grimsmo, og den heldige vinnaren vart Ragnar Halle. Helen Saksen fekk oppdraget med å overrekke gevinsten til nabo Ragnar.

Publisert: 8. februar 2023, 23:49