Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo: – Ta her har vore ei kjempehelg

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2023

Vi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg.  To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke.  Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag  beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5.  Vi lar oss imponere av det.  

Fra starten – her har Trym Lødøen(103) og Erik Kårvatn (102) alt posisjonert seg. Foto Jon Olav Ørsal

Full fart innover Bekkøya for det ber til fjells. Foto Jon Olav Ørsal

 

Det var 47 deltakarar på startlista for dagens vertikal, der løypa var korta ned eit par hundre høgdemeter på grunn av vêret i morgontimane.  Etter forholda var det bra føre, og det vart ein knallhard konkurranse om å kome først i mål.  I herreklassen var det Trym Lødøen som sikra seg NM-tittelen, medan Jonathan Albon og Morten Antonsen kom på dei neste plassane – beste tid hadde imidlertid svensken Jonas Petter Engdahl med 22:44.2.  som var 38 ssekund føre Lødøen.

2 NM-titlar på ei helg, – og på heimebane, for Erik Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

I klassen kvinner senior gikk NM-medalja til Hildegunn Hovdenak, med Ingeborg Treu Røe og Molly Bazilchuk på dei neste plassaane – beste tid i kvinneklassen fikk imidlertid svenske Johanna Åström på 29:13  som var 1:28 føre Hovdenak.  Elles kan vi nevne sterk innsats i klassen U16, der Aron Rodal Haugen toppa lista, med Iver Holen og Isak Drøpping kom på dei neste plassane.  Elles henviser vi til resultatlista frå dagens arrangement i randonee vertikal.

Nedafor har vi lagt ut resultatlista frå dagens vertikal – klar for nedlasting.

Det blir lagt stor vekt på sikkerheita – her er utstyr for skredsøk, som er obligatorisk utstyr. Foto Jon Olav Ørsal

Jostein Bruset kontrollerer at alle har med seg obligatorisk utstyr når dei skal inn på startområdet. Foto Jon Olav Ørsal

Frå stasjonen på toppen – tøffe tak både for løparar og funksjonærar i det tøffe vintervêret på toppen. Foto Ingvild Kårvatn.

 

 

Publisert: 5. februar 2023, 16:20