Kløverturar i Toåa tursti og oppi Talgømarka
«Trollheimsfjella står i ring kring gamle Tovadal» – slik skriv Leif Halse i Todalssongen. Fjella er både majestetiske og fine, men dei skuggar for sola no når ho er så låg.
Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.
«Trollheimsfjella står i ring kring gamle Tovadal» – slik skriv Leif Halse i Todalssongen. Fjella er både majestetiske og fine, men dei skuggar for sola no når ho er så låg.
Fredag 17. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Tysdag 14. november er absolutt siste sjanse for servering av ball på Todalshytta før jul. Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00. Bestill gjerne på SMS 929 97 550.
Søndag var det bokslepp og premiere for det nye årsskriftet til Todalen Historielag. Det skjedde i Todalen ungdomshus, og arrangementet trekte praktisk talt full hus med historieinteresserte todalingar – mellom 60 og 70 av historielagets knappe 200 medlemar deltok på boksleppet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. VEL MØTT!
Påminning: ikkje gløymt å røyste på din favoritt innan midnatt tysdag 14. november. Sjå kandidatane her!
2023-utgåva av Vangsgutane er forlengst i sal – både hos Matkroken i Todalen og i andre butikkar rundt omkring. I hovudrolla er sjølvsagt Steinar, Kåre og Larris, og handlinga 2023-utgåva av Vangsgutane er forlengst i sal – både hos Matkroken i Todalen og i andre butikkar rundt omkring. I hovudrolla er sjølvsagt Steinar, Kåre og Larris, og handlinga er sjølvsagt frå Todalen. Larris driv som vanleg med på nye krumspring – mellom anna er handlinga innom fabrikken, der han kanskje gjer mest ugagn.
Surnadal bibliotek inviterer torsdag 16. november klokka 19:30 til boklansering med Lars Steinar Ansnes. Boka Fintenkjarplassen akkurat komen frå trykken og klar for sal. Fintenkjarplassen er staden Lars Steinar Ansnes spankulerer til for å spekulere på det meste.
Oppsummeringa etter sommarsesongen Stikk UT! 2023 syner at Toåa tursti har flest registrerte besøk i Surnadal kommune, og at Svinvikrunden har nest flest besøk!
«Norske Kunsthåndverkerenes Årsutstilling» er den største årlege mønstringa av samtidskunsthandverk frå Norge. Alle som arbeider med materialbasert kunst i Norge kan søke om å bli med, og i år var det 762 kunstnarar som søkt med om å få vere med. Meir enn 2000 kunstverk vart vurdert, og av desse vart 56 kunstnarar og 63 kunstverk med på utstillinga på Nasjonalmuseet i Oslo.
Torsdag kveld hadde Svarraberget Teaterlag generalprøve på sin revy «Folljstendi oBRUkbart». Om revyen er «best ever» skal vi ikkje gje oss ut på å vurdere, men vi er skikkeleg imponert over det vi såg og høyrte under generalprøven. Godt nøgd med gjennomkøyringa var også Svanhild Husby, som har vore instruktør for årets revy. Alt var eigentleg bra. Tekster, song, musikk og dansing satt godt, og det var berre å lene seg bakover i stolen og nyte det vi var servert frå scena.
I ei pressemelding frå Surnadal kommune akkurat no, blir vi gjort kjent med at eit samrøystes kommunestyre, i eit ekstra møte på ettermiddagen i dag, har tilsett Lars Inge Kvande som ny kommunedirektør i Surnadal kommune.