Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i Toåa tursti og oppi Talgømarka

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. november 2023

«Trollheimsfjella står i ring kring gamle Tovadal» – slik skriv Leif Halse i Todalssongen. Fjella er både majestetiske og fine, men dei skuggar for sola no når ho er så låg.

På tur i Toåa tursti. Sol berre oppe i lia. Foto: Marit Sanden Søyset.

Litt hustre. Foto: Dordi Jorunn Halle.

No er det lite sol nede i bygda, men på turen i Toåa tursti 13. november skein sola frå klår himmel – triveleg. Men det var kaldt og rima langs Toåa, så det var kjekt å avslutte med varm kaffe eller kakao inne i Kaffekroken.

Tur oppi Talgøskogen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ute på tur: Åse Johanne, Dordi, Karen Johanne, Dordi Ingeborg, Arndis, Helga, Kari. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 6. november var det tur oppe i Talgømarka i finver. Kjekk tur etter fint tilrettelagde stiar, og Karen Johanne var guide. Turen gjekk bortom elva til Råa, der det står ei gammal løe. Til slutt inviterte Karen Johanne turgåarane inn til varme og kaffekos!

Måndag 20. november blir det tur oppover skogsvegen frå Bruset – rundtur om Botnan.

Vi måtte ta bilete på Kvennset før vi kom i skuggeland. Her ser vi: Dordi Jorunn, Dordi, Jean, Åse Johanne, Synnøve, Jorunn, Andreas. Vesle Gunnhild i vogna. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 13. november 2023, 21:39