Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lars Inge Kvande blir ny kommunedirketør

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. november 2023

I ei pressemelding frå Surnadal kommune akkurat no, blir vi gjort kjent med at eit samrøystes kommunestyre, i eit ekstra møte på ettermiddagen i dag, har tilsett Lars Inge Kvande som ny kommunedirektør i Surnadal kommune.

Detter er ein viktig dag for innbyggjarane i kommunen, næringslivet, tilsette og folkevalde, seier ordfører Hugo Pedersen og Helge Røv, som har vore leiar i rekrutteringsgruppa som formannskapet har nedsett i samband med rekrutteringsprosessen. Hugo Pedersen og Helge Røv seier vidare at dei er glade for at det no er tilsett ny kommunedirektør.

Kommunedirektøren er øverste administrative leier i kommunen og har ansvar for alle tilsette og kommunen sine tenester. Rekrutteringsbyrået Avantas frå Trondheim har bistått kommunen i rekrutteringsprosessen.

Lars Inge er 52 år, og har brei erfaring, både frå offentleg sektor og privat næringsliv. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Trollheim. Før dette har Lars Inge arbeidd i Midsund kommune, Surnadal kommune, Rindal kommune og Hydro aluminium på Sunndalsøra. Han har også vore fast medlem i Surnadal kommunestyre, for senterpartiet, og vart ved haustens val innvalt for ein ny fireårsperiode. Elles har han hatt fleire verv i lag og organisasjonar. 

Publisert: 9. november 2023, 17:25