Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Boklansering og litt til på kulturhuset torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. november 2023

Surnadal bibliotek inviterer torsdag 16. november klokka 19:30 til boklansering med Lars Steinar Ansnes. Boka Fintenkjarplassen akkurat komen frå trykken og klar for sal. Fintenkjarplassen er staden Lars Steinar Ansnes spankulerer til for å spekulere på det meste.

Fysisk er plassen avgrensa til ein haug på Kvennbøtæla, men mentalt sett finst det ingen grenser på kva ein kan fintenkje på. Og grenser finst det heller ikkje om ein nyttar internettet for å sende desse tankane frå Tæla og ut i  «væla».

Men no har Lars Steinar også samla nokre av sine finuttenkte innlegg i ei eiga bok, som no altså blir lansert på Surnadal bibliotek. 

Der vil bror Ole Magne samtale med Lars Steinar om boka. Ole Magne vil også ta med seg nokre gamle vinylplater og sette stiften ned i spor som tonar fram gamle minne for brørne.

Alle er velkomne – og det er sjølvsagt, som alltid, fri inngang på biblioteket.

Dei som vil, kan også få kjøpt boka, og forfattaren signerer også villig vekk.

«Den kulturelle spaserstokken», Heimbygdlaget i Surnadal og Nordmøre Mållag er medarrangørar. Dei to laga vil kort presentere årets utgåve av «Du er mitt Nordmøre» og bidra med enkel servering til dei frammøtte.

Boklanseringa er det andre forfattarmøtet neste veka. Måndag 13. november klokka 18:00 samtalar Sverre Årnes og Svein Sæter om førstnemnte sine mange sideprosjekt – som Fantomet, James Bond og Vangsgutane, og torsdag 16. november klokka 19:30 er det Lars Steinar Ansnes sin tur!

Først publisert: 11. november 2023, 07:00 - Sist oppdatert: 10. november 2023, 16:23