Kløvertur i Gammelvegen
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Sidan vêrgudane ikkje ser ut til å varte opp med noko serleg godt vêr på tysdag 5. september, så da inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag heller til tur i den nye kavlvegen på Eidet, i staden for fjelltur.
I dag arrangerte Todalen Sanitetsforening den første strikkekaffen. Derme er sesongen i gang og totalt var det nok 15-20 deltakarar som stakk innom Sanitetshuset på Kvennset. Nokre hadde med bunding, medan andre satsa på hekling og kanskje var det nokon som berre stakk innom for å slå av ein prat.
Endeleg var dagen komen og det var klart for å klippe snora og opne anlegget for bruk. Det er lenge sia ideen til eit kavlvegprosjekt vart sådd, men det er først dei siste åra at ideen har skote fart, og som no altså er sett ut i livet. Det var Daniel Fiske og Margrete Svinvik som fikk den store æra å klippe snora – dermed er kavlvegen klar til å takast i bruk som Kavlvegen kultursti.
Fredag ettermiddag var representantar frå Surnadal Senterparti på plass utafor Matkroken Todalen. På standen stillte ordførarkandidat Hugo Pedersen, Leiar i Surnadal Senterparti Silje Beate Guldbransen Holten og lokal listekandidat Jon Bruset.
Tysdag 5. september klokka 19:30 er det «strikkekino» på Surnadal kino. Så er du av dei som likar å strikka samstundes som du ser film, så er Surnadal kino rette plassen på tysdag. Da blir det dempa belysning, slik at ein også kan strikke, når dei viser filmen «Book Club – The Next Chapter».
I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Sjøasetervatnet. Seksten stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur, og det vart ein skikkeleg finvêrstur for turfølget opp til vatnet.