Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe – ny sesong i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. september 2023

I dag arrangerte Todalen Sanitetsforening den første strikkekaffen.  Derme er sesongen i gang og totalt var det nok 15-20 deltakarar som stakk innom Sanitetshuset på Kvennset. Nokre hadde med bunding, medan andre satsa på hekling og kanskje var det nokon som berre stakk innom for å slå av ein prat. 

Kaffepause er obligatorisk under strikkekaffen – frå venstre Grete Torvik, Gro Torvik, Eli Bruset, Helen M. Saksen, Synnøve H. Talgø og Jorunn Hals Ørsal. Foto Jon Olav Ørsal

I alle fall var det triveleg å berre stikke innom, og sjølv om vi berre var bladfyk vart det sjølsagt både kanelsnurrar og eplekake med is og vaniljesaus.  Rakk du ikkje å få med deg strikkekaffen denne gongen, så blir det no fleire sjangsar utover hausten og vinteren.

 

Publisert: 2. september 2023, 17:32