Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Strikkekino» og litt til på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. september 2023

Tysdag 5. september klokka 19:30 er det «strikkekino» på Surnadal kino. Så er du av dei som likar å strikka samstundes som du ser film, så er Surnadal kino rette plassen på tysdag. Da blir det dempa belysning, slik at ein også kan strikke, når dei viser filmen «Book Club – The Next Chapter». 

I «Book Club – The Next Chapter»  dreg dei fire bokklubbvenene på jentetur til Roma. Og da det viser seg at den eine, spelt av Jane Fonda, har forlova seg, bestemmer dei seg for å halde utdrikkingslaget i same rennet. Forutan Fonda, er det fleire kjente namn med i filmen, som Candice Bergen og Diane Keaton. Filmen blir også vist fredag 1. september og torsdag 7. september klokka 13:00.

Men det blir også vist filmar for dei av oss som ikkje strikkar! Søndag 3. september klokka 20:00 blir den norske dokumentaren «Fedrelandet» vist på kinoen. Denne filmen blir også vist tysdag 5. september klokka 13:00, onsdag 6. september klokka 20:00 og torsdag 7. september klokka 18:00. 

«Fedrelandet». Foto: Dag Asle Mykløen

«Fedrelandet» er ein norsk dokumentar, laga av ein meister av slike, nemleg Margareth Olin. Denne gongen tek ho mellom anna med seg sin 85 år gamle far tilbake til Oldedalen i Nordfjord, der faren vaks opp. «Fedrelandet» handlar om den norske naturen og kor nær den er oss. 

«Lagenden om de små heltene»

Det blir også film for dei yngste, når kinoen viser animasjonsfilmen «Legenden om de små heltene». Filmen passar alle og, og i førehandsomtalen heiter det: –sommerens mest episke, søteste og morsomste familieeventyr. Filmen er basert på dei greske mytene. Vel, sjølskryt er vel og bra. men om dette stemmer, kan ein sjølv finne ut på kinoen fredag 1. september, søndag 3. september og onsdag 6. september, alle dagar klokka 18:00. 

Publisert: 1. september 2023, 07:30