Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2023

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Hausttakkefest – samla eit femtital til gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2023

Start 4H hadde pynta og lagt til rette for hausttakkefest i Todalskyrkja sist søndag, og tema for gudstenesta var henta frå Johannesevangeliet og omhandla at Jesus metta 5000 på 5 byggbrød og to fiskar.  Ragna og Lisa sørga for å presentere Start 4H som er har drive i 56 år i Todalen, og fortalte om kva klubben står for og kva som er formåle – og sjølvsagt fekk vi høre 4H-løftet. 


Tømmekalender for september og oktober er oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. september 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for november og desember, vil bli lagt inn i starten av november månad. 



Kløvertur i Kavlvegen kultursti

Dordi Jorunn Halle Laurdag 9. september 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.



«Sommarles-fest» og barneteater

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. september 2023

Laurdag 16. september klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til festleg avslutting av «Sommarles», for alle som har vore med på årets utgåve. Klokka 14:00 blir alle, også dei som ikkje har vore med på «Sommarles» invitert til eventyrleg barneteater i Svorkasalen på kulturhuset.


Stavgangarane til Kvenndalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur i går gjekk til Kvenndalen.  26 stavgangarar var med på turen til Kvenndalen, og dei fekk ein skikkeleg fin tur i det fine haustvêret, med lett bris og 20 plussgrader. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. september 2023

Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste søndag 10. september klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist. 


Løyvde pengar til gangbru over Toåa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. september 2023

Øyabrua har som kjent vore stengt for køyrety over to tonn sidan november 2017. I Hovudutval for Miljø og Teknikk sitt møte i mai 2022, vart det vedteke at administrasjonen skulle utgreie alternativ for kryssing av Toåa til erstatning for dagens bru, som kan bli stengt når som helst. 


Viktig med kommunalt engasjemang for boligbygging i heile kommunen

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. september 2023

I går var dei to lokale listekandidatane for Arbeiderpartiet til kommunevalet, Odd Arild Sande og Bjørn Gunnar Ansnes, på Matkroken Todalen, der Terje Nordvik orienterte dei om moglegheita for å kunne bygge leiligheiter oppe på butikktaket. Dei to listekandidatane brenn for å lagt til rette for boligbygging i alle bygdene i kommunen. – Attraktive boligar er, saman med arbeidsplassar, dei viktigaste faktorane for å få folk til å flytte «heimatt» eller flytte til kommunen vår, seier dei to. 



Dro på skuletur til Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. september 2023

Onsdag dro heile 9.-trinnet ved ungdomskulen (SUBUS) til Todalen på telttur.  Teltplass fann dei på Bordholmen stadion, der dei også kunne bruke fasilitetar som WC og sosiale rom.  På Bordholmen rigga dei til stort grillparty, med grillmat og tilbehør til heile hopen på rundt 60 deltakarar med smått og stort.