Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. september 2023

Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste søndag 10. september klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist. 

Det blir hausttakkefest denne søndagen, og kyrkja blir, i  tradisjonen tru pynta av Start 4H i Todalen. Dei unge i 4H vil også fortelje litt om arbeidet i laget gjennom året, og orientere om kva dei legg vekt på når dei er samla.

Dei 4 H-ane står for «hode, hjerte, hender og helse». Og liturg Torbjørn lovar å ta med seg desse sentrale orda i preika si.

Takkofferet denne hausttakkefestsøndagen går til Kyrkjelydsarbeidet på Vipps 506908. 

Etter gudstenesta blir det ein enkel kyrkjekaffe.

 

Todalen Sokneråd ønsker alle er velkomne til hausttakkefestgudsteneste!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 7. september 2023, 18:00