Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sommarles-fest» og barneteater

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. september 2023

Laurdag 16. september klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til festleg avslutting av «Sommarles», for alle som har vore med på årets utgåve. Klokka 14:00 blir alle, også dei som ikkje har vore med på «Sommarles» invitert til eventyrleg barneteater i Svorkasalen på kulturhuset.

Klokka 13:00 blir alle som var med på «Sommarles» altså inviterte på ei enkel feiring med bollar og saft i biblioteket. Biblioteket vil ha oversikt over kor mange som kjem, og ber om at ein varslar frå, helst før fredag 15. september, på telefon 476 80 797, SMS, e-post eller via facebook.

Klokka 14:00 blir alle invitert til barneteater. Da kjem Askeladden friteater til Svorkasalen på kulturhuset for å framføre «Ridder Aske». Det er litt spesielle figurar med, så stykket passar nok best for dei frå fire år og oppover. Inga påmelding, berre å møte opp!

 

Tala for årets «Sommarles» i Surnadal kommune, visar at det var 183 barn/unge i barneskulealder som sommarlas i år. Kampanjen, som gjekk frå juni og ut august, skal stimulere leselysta i sommarferien – slik at ein også held «treninga» ved like til skulestart, og enno viktigare: dyrke gleda ved å lese og leve seg inn i forteljingane.

Dei 183 unge i Surnadal kommune registrerte at dei las 2808 bøker på totalt 276 503 sider (lydbøker er medrekna i dette talet). Det gir eit snitt på 15 bøker for kvar deltakar, noko som må seiast å vere god innsats av dei unge lesarane!

Publisert: 9. september 2023, 08:17