Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttakkefest – samla eit femtital til gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2023

Start 4H hadde pynta og lagt til rette for hausttakkefest i Todalskyrkja sist søndag, og tema for gudstenesta var henta frå Johannesevangeliet og omhandla at Jesus metta 5000 på 5 byggbrød og to fiskar.  Ragna og Lisa sørga for å presentere Start 4H som er har drive i 56 år i Todalen, og fortalte om kva klubben står for og kva som er formålet – og sjølvsagt fekk vi høre 4H-løftet. 

Markens grøde – Start 4H i Todalen hadde pynta kyrkja til hausttakkefest. Foto Jon Olav Ørsal

Torbjørn Brøske som heldt dagens gudsteneste fortalte at Jesus var oppteken av at alle skulle få mat, og det står i skrifta at Jesus tok brødet – takka og braut det,  – og det var nok til alle 5000. Torbjørn kom godt førebudd til gudstenesta, og presenterte mykje fakta som han bygde prekena på.  Han konkluderte med at svolten i verda bunnar ut i mangel på vilje til å dele.  Derfor er det viktig å ta var på restane, og no er det faktisk ikkje lov å kaste mat.  

Vikarprest Torbjørn Brøske tok utgangspunt i at Jesus metta 5000 med 5 byggbrød og 2 fiskar. Foto Jon Olav Ørsal

Neste gudsteneste i Todalen kyrkje blir søndag 8. oktober, og da vil neste års konfirmantar bli presentert, og 50-årskonfirmantane blir invitert til jubileumsmarkering.  Til slutt var det kyrkjekaffe etter at gudstenesta var ferdig.  

Bildegalleri frå søndagens hausttakkefest i Todalen kyrkje  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. september 2023, 12:27